Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
02.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979558Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Miljøterapeut - Tolomarka omsorg og avlastning
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut for vernepleiar/sjukepleiar frå januar 2025
Tolomarka omsorg og avlastning er i vekst og utvikling og no treng me miljøterapeut for arbeid med dei yngste barna i aldersgruppa 5 til 10 år.
- Me har fleksible turnusar som kan tilpassast til langvakter på 12,5 timar, i kombinasjon med kveldsvakter og arbeid 3. kvar helg. Meir informasjon om turnus får du hjå kontaktpersonane i annonsa.
- Som miljøterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du fylgjer opp fleire brukarar knytt til avlastningsavdelinga. Me yter for tida teneste til barn og unge vaksne frå 7 til 20 år. Det vil vera aktuelt med oppfølging i forhold til skule, fritid og pårørande.
- Me ser etter ein fagperson som har erfaring og interesse av å gje eit skreddarsydd tenestetilbod til brukarane våre. Me søkjer derfor deg som har kompetanse på arbeid med barn og unge med utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar.
Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på skulen og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team. Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak
- Primærkontaktansvar
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Du må vera autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø.
- Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse på å handtera krevjande situasjonar rundt barn med tidvis utfordrande adferd.
- Det er ønskjeleg med gjennomført MAP -kurs.
- Det er ein fordel om du har kompetanse på autismespekterforstyrringar.
- Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Lojal og tolmodig
- Trygg på deg sjølv og med god relasjonsevne
- Ha ei genuin interesse for fagfeltet
- Kunna jobba sjølvstendig, men også god på teamarbeid
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
02.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979558Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Miljøarbeidarar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Tilretteleggingsressurs i barnehage
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Mekanikar/Driftsoperatør
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Straume