Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979412Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Mekanikar/Driftsoperatør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du serviceinnstilt, glad i utfordringar og likar å jobba med bilar og maskiner ? Då er det gjerne du som kan sjå fram til ein variert arbeidskvardag saman med oss.
- Me har ledig 100 % stilling i avdeling veg og anlegg frå snarast
- Har du utdanning og arbeidserfaring som mekanikar innan bilfag/anlegg/landbruk/industri, oppmodar me deg om å søkja
- I denne stillinga får du jobba inne på verkstaden og ute med førefallande vedlikehaldsarbeid
Avdeling veg og anlegg har 6 tilsette (5 operatørar og 1 driftsleiar). Avdelinga har ansvaret for drift og vedlikehald av ca. 110 km kommunale vegar, bilar og maskiner som ligg under teknisk.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og reparasjonsarbeid av kommunale bilar, maskiner og utstyr
- Drift av verkstad og innkjøp som høyrer til verkstadrifta
- Ansvar for at bilparken er EU godkjent og maskinpark er sertifisert til ei kvar tid
- Utføra vintervedlikehald og andre førefallande vedlikehaldsoppgåver
- Delta i vaktordning bl.a. knytt til vintervedlikehald og beredskap
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som mekanikar innan bilfag/anlegg/landbruk/industri. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formell utdanning
- God norskkunnskap munnleg og skriftleg, tilsvarande B2
- I tillegg ønskjer me at du har:
- Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
- Maskinførarbevis på gravemaskin og hjullastar
- Førarkort klasse C
- Kransertifikat G8
- Trucksertifikat
Personlege eigenskapar
- Me søkjer deg som:
- Har god digital kompetanse og har interesse for fagfeltet
- Er fleksibel, positiv og lojal
- Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og strukturert
- Samarbeider godt med andre, også på tvers av fagfelt
Vi tilbyr
- Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
- Mykje kontakt med kundar og publikum
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.01.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5979412Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Tilretteleggingsressurs i barnehage
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Miljøarbeidarar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Miljøterapeut - Tolomarka omsorg og avlastning
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Tilkallingsvikar Sagatun barnehage Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand