Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5979043Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye avdelingsleiar?
Vi ser etter ein avdelingsleiar som er opptatt av gode tenester til våre bebuarar, som trivast med leiarrolla og som er god på samhandling med andre menneske.
Du har sterke leiareigenskapar og du har evne til å engasjere, motivere og utvikle andre sin kompetanse.
Om du kjenner deg att i dette, ønskjer vi deg velkomen som søkjar til stillinga som avdelingsleiar for to av våre heildøgns omsorgsbustader på Rong, ein halvtime med bil frå Straume.
Bustadane består av to separate hus med totalt tre bebuarar med ulike bistandsbehov som får heildøgns omsorgstenester. Eininga arbeider med å legge til rette for ein meiningsfull kvardag for våre tenestemottakarar.
Vårt faglege arbeid er mellom anna knytt til daglege pleie- og omsorgsoppgåver, åtferdsutfordringar, samansette diagnosar, psykiske lidingar og vedtak etter Lov om helse- og omsorgstenester kap. 9.
Bustadane har til saman 25 årsverk, fordelt på ulike kompetansar som sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut og fagarbeidar. Deler av personalet går i døgnturnus.
Som avdelingsleiar vil du inngå i einingsleiar si leiargruppe. Du vil ha ansvar for fag, personal og økonomi for bustadane. Andre støttefunksjonar som fag, økonomi, HR og lønn vil vere tilgjengeleg for deg. Stillinga har arbeidstid på 37,5 timar i veka inkludert betalt lunsj. (fleksitid)
Arbeidsoppgåver:- Overordna ansvar for den daglege drifta i bustadane, både fag og personalansvar.
- Dagleg ansvar for oppfølging av kap 9.
- Leie, rettleie og følgje opp personalgruppa, samt iverksette og følgje opp faglege tiltak og vedtak etter kap 9.
- Leie, kvalitetssikre og utvikle det faglege arbeidet i bustadane.
- Legge til rette for å sikre eit godt samarbeid med kollegaer, tilsette, pårørande og andre samarbeidspartnar.
- Ansvar for HMT, avvikshandtering og internkontroll.
- Kontinuerleg forbetringsarbeid.
- Ansvar for turnusplanlegging.
- Ansvar for økonomi og budsjett.
- Ansvar for legemiddelhandtering.
- Rekruttering og kulturbygging.
- Andre arbeidsoppgåver delegert frå einingsleiar.
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, ønskjeleg med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn.
- Fordel med relevant vidareutdanning innan leiing og administrasjon.
- Ønskjeleg med leiarerfaring frå liknande tenester.
- Sterke leiareigenskapar med evne til å motivere, engasjere og utvikle andre sin kompetanse.
- Erfaring med omstilling og endringsprosessar.
- Godt kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging.
- Ønskjeleg med økonomikunnskap.
- Kunnskap, kvalifikasjonar og erfaring innan relevant lovverk for tenesta, som AML, HTA, helse og omsorgstenestelova kap 9, og pasient og brukarettighetslova kap 4 vert vektlagt.
- Evne til å tenke strategisk og handtere komplekse utfordringar og prosessar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Gode datakunnskapar.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
At du er personleg eigna vil bli sterkt vektlagt
Vi meiner at følgjande eigenskapar er viktige for å lukkast og trivast som avdelingsleiar hos oss:- Du tek initiativ, får ting til å skje, har høg arbeidsevne og tek ansvar for resultat.
- Du er god på å utvikle menneske gjennom god leiing.
- Du fremjar fagleg og personleg utvikling.
- Du har evne til fleksibilitet og handtering av uventa hendingar.
- Du kommuniserer tydeleg, gir tilbakemeldingar og anerkjenning til personalet.
- Du er systematisk og du planlegg og prioriterer godt.
- Du bidreg til å skape eit stabilt og godt arbeidsmiljø.
- Du har god gjennomføringsevne og er ein tydeleg leiar.
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Eit engasjert og dedikert team.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Leiaroppfølging og leiarnettverk.
- Løn etter avtale
Einingsleiar Kristin Straume, 997 99 526
Assisterande einingsleiar Elin Alfstad, 477 97 112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
19.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5979043Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
60% vikariat vaken nattevakt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Helsefagarbeidar 30% vaken nattevakt på helg
Øygarden kommune
Skogsvåg -
HR rådgjevar 100%
Øygarden kommune
Straume -
Rådgjevar/Jurist 100% fast innan lovbrotsoppfølging
Øygarden kommune
STRAUME