• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6444139
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Miljøterapeut to faste stillingar i barneavlastning

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eining Meistring og psykisk er den største eininga i Giske kommune, og vi har ansvar for gode tilpassa tenester til ulike brukergrupper. Vi søkjer no to nye fagleg engasjerte kollega til barneavlastninga for barn med ulike funksjonsnedsettingar. Vi flytter straks inn i nyrenoverte lokaler sentralt på Valderøya med utsikt til fjord og fjell og på grunn av aukande vedtaksmengde har vi ledig to nye faste stillingar for miljøterapeut. Begge stillingane er på om lag 90 % og er ledige frå snarast. Med atterhald om godkjenning av turnus vil stillingane inngå i døgnvaktsturnus. 

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Bachelor i helse- og sosialfag.
  • Det er ønske med erfaring frå arbeid i bufellesskap / avlastning for barn med nedsett funksjonsnivå.
  • Gjerne med kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Kjennskap til ASK.
  • Det er ønskjeleg med teiknspråkkompetanse eller at du er motivert for å tilegne deg slik kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førarkort for bil med manuell gir.

Personlige egenskaper:

  • Glad i å arbeide med barn.
  • Likar aktivitet og ser verdien av leik og kreativitet i samspel med barna.
  • Trygg og sjølvstendig omsorgsperson.
  • God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både barna, pårørande og kollegaer.
  • Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Er raus, omgjengeleg og har godt humør.

Vi tilbyr:

  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    13.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6444139
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune