• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    10.09.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5327967
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 26.08.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut og helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønsker du å jobbe i lag med flotte kollegaer i eit fagleg godt miljø?

Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Her er 2 avdelingar: Førde og Vassenden. Stillingane som er utlyst er ved avdelinga i Førde. 
Avdeling Førde har 27 brukarar og 30 tilsette. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane  bur i omsorgsbustad. Nokre bur i bustader rundt om i Førde.

Vi har ledige stillingar: 

Stilling 1: 100 % fast stilling for miljøterapeut (arbeid kvar 6. helg)

Stilling 2: 80 % fast stilling for miljøterapeut (arbeid kvar 3. helg)

Stilling 3: 22 % fast stilling for helsefagarbeidar/ assistent (arbeid kvar 3. helg)

Arbeid i tredelt turnus. Vi tilbyr langvakter, og for tida kvilande nattevakt. 

Arbeidsoppgåver: 

Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege rammer. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og vareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga. Primærkontaktarbeid og koordinator for enkeltbrukarar ligg også til dei store stillingane. Dette betyr også samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande.

Vidare må ein følgje opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Rettleiing av studentar inngår også i arbeidsoppgåvene.

Krav til søkar: 

Stilling 1 og 2: sjukepleiar eller vernepleiar.
Andre med relevant 3-årig utdanning (sosionom/ barnevernspedagog) kan også søke.

Helgestilling: Helsefagarbeidar/ assistent

Du må: 
  • ha førarkort kl. B 
  • ha evne til kontaktskaping og relasjonsbygging 
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar 
  • ha gode samarbeidsevner 
  • kunne arbeide tverrfagleg og i team 
  • ha god datakunnskap 
  • god norsk munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter

Godkjent politiattest må leggjast fram før start i stillinga

Vi ønsker deg som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. 
Personlege eigenskapar vektast høgt. 

Vi søker deg som: 
  • har erfaring/ vidareutdanning frå psykisk helsearbeid eller liknande 
  • har evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon 
  • likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver 
  • er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

Menn med medisinkompetanse vert oppmoda om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår, samt treng fleire med medisinkompetanse.

Vi tilbyr: 
  • engasjerte kollegaer og leiarar 
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver 
  • god opplæring 
  • langvakter 
  • løn etter gjeldande avtaleverk 
  • relevant vidareutdanning vil gi kompetansetillegg 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Gje opp i søknaden kva stilling du søker på.

Aktuelle søkarar vert kalla inn på intervju. Referansar vert etterspurd ved intervju.

Du må søke elektronisk. 

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    10.09.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5327967
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 26.08.2023