• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    11.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5928947
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Miljøterapeut - miljøarbeider - assistent Bu- og miljø Sogndal

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. Tenestene vert ytt i tenestemottakar sin heim.

 

Sogndal kommune har fleire ledige stillingar i Bu- og miljøtenesta sone Sogndal:

  • 80 % fast stilling frå snarast
  • 80 % vikariat frå 06.01.24 -31.08.24 med mogleg forlenging
  • 100 % vikariat 06.01.24 – 31.08.24 med mogleg forlenging
  • 2 helgestillingar 4.kvar helg, ein nattevakt og ein kombinasjon med sein-/langvakt

 

Teamet skal enda opp med ein variert samansetnad av formell kompetanse, erfaringar og personlegdom. I arbeid med våre tenestemottakarar er det slik at desse kan ha preferansar i høve kjønn og dette vert også vektlagt i tilsetting. Me oppmodar kvinner om å søkje. Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire faste stillingar/vikariat i utlysingsperiode som òg kan bli handsama med same søkjargruppe. 

Turnus er i kombinasjonsturnus med dag/sein/langvakter og arbeid kvar 4.helg.

Sentrale ansvarsområde: 

  • Målretta miljøarbeid 
  • Journalføring 
  • Bistand til daglege gjeremål 
  • Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling 
  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering 
  • Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø 
  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar 
  • Andre oppgåver ved behov 

 

Kvalifikasjonar: 

  • 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
    • Erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming kan erstatte kompetansekrav
    • Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring 
    • Beherske norsk skriftleg og munnleg 
    • Førarkort klasse B 

 

 Personlege eigenskapar: 

  • Omsorgsfull 
  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørende
  • God lagspelar
  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle
  • Løysingsorientert og fleksibel 

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Spesielle vilkår for stillinga: 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

  • Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 
  • Politiattest av ny dato 

  

 Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Løn etter tariff 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    11.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5928947
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune