Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
13.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6084740Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
Miljøterapeut /miljøarbeidar i Fjalerskulen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du å vere med på å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre? Då kan dette være jobben for deg!
Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar. Stillinga er ledig frå 1. mai, eller etter avtale. For skuleåret 2025-2026 er stillinga tenkt nytta hovudsakleg på Dingemoen skule. Seinare kan det vere aktuelt på andre skular. Stillinga vil vere knytt opp mot enkeltelevar.
Som miljøterapeut hjå oss vil du vere ein trygg vaksen som hjelper barn og unge med å meistre kvardagen. Du vil jobbe tett med elevar som har vanskar både i høve læring og åtferd. Stillinga vil være vere knytt opp mot enkeltelevar, men ved endra behov vil ein få andre arbeidsoppgåver.
Di rolle blir å bygge relasjonar, skape tryggleik og støtte elevane i utvikling – både sosialt og emosjonelt. Du vil samarbeide med lærarar, føresette og andre fagpersonar for å legge til rette for ein best mogleg skulekvardag for den enkelte elev.
Vi ser etter deg som har stor omsut for barn og unge, og som trivst med å jobbe relasjonsbasert. Du har tolmod, forståing og evne til å handtere krevjande situasjonar på en trygg og profesjonell måte.
Arbeidsoppgåver- Planlegge- og gjennomføre læringsstøttande aktivitetar
- Arbeide i team rundt enkeltelevar
- Rettleiing og direkte arbeid med elevar med behov for særskilt oppfølging
- Delta i arbeidet med å utarbeide individuelle opplæringsplanar
- Samarbeid med andre instansar rundt eleven
- Bidra til auka læringsutbytte for elevar med psykososiale utfordringar.
- Bidra til eit godt læringsmiljø
- Erfaring frå arbeid med barn og unge med psykososiale utfordringar
- Relevant utdanning på bachelornivå til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, grunnskulelærar
- Andre med relevant og god erfaring vert og vurdert
- Kompetanse innan miljøterapeutisk arbeid, åtferdsrettleiing eller traumebevisst omsorg er en fordel
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest
- Vere ein tydeleg, roleg og trygg vaksen med eit positivt elevsyn
- God relasjonskompetanse
- Fleksibel, med vilje og evne til å bidra inn i læringsfellesskapet
- Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Tolmod og evne til å tenke langsiktig
Personlege eigenskapar er viktig i denne jobben og vil verte lagt stor vekt på. Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader
Vi tilbyr- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Rettleiing
- Kurs og kompetanseheving
- Løn etter utdanning og ansiennitet
- God pensjonsordning og rabatterte forsikringar i KLP
- Arbeidstida følgjer skuleåret til elevane
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
13.03.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6084740Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Undervisningsstilling
Vestnes kommune
TOMREFJORD -
Miljørettleiar og fagarbeidarar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Miljørettleiar i tiltak
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Språkassistentar - midlertidige stillingar - Helland barneskule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES