• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6084740
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Miljøterapeut /miljøarbeidar i Fjalerskulen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du å vere med på å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre? Då kan dette være jobben for deg!
Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar. Stillinga er ledig frå 1. mai, eller etter avtale. For skuleåret 2025-2026 er stillinga tenkt nytta hovudsakleg på Dingemoen skule. Seinare kan det vere aktuelt på andre skular. Stillinga vil vere knytt opp mot enkeltelevar.

Om stillinga

Som miljøterapeut hjå oss vil du vere ein trygg vaksen som hjelper barn og unge med å meistre kvardagen. Du vil jobbe tett med elevar som har vanskar både i høve læring og åtferd. Stillinga vil være vere knytt opp mot enkeltelevar, men ved endra behov vil ein få andre arbeidsoppgåver.
Di rolle blir å bygge relasjonar, skape tryggleik og støtte elevane i utvikling – både sosialt og emosjonelt. Du vil samarbeide med lærarar, føresette og andre fagpersonar for å legge til rette for ein best mogleg skulekvardag for den enkelte elev.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har stor omsut for barn og unge, og som trivst med å jobbe relasjonsbasert. Du har tolmod, forståing og evne til å handtere krevjande situasjonar på en trygg og profesjonell måte.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge- og gjennomføre læringsstøttande aktivitetar
  • Arbeide i team rundt enkeltelevar
  • Rettleiing og direkte arbeid med elevar med behov for særskilt oppfølging
  • Delta i arbeidet med å utarbeide individuelle opplæringsplanar
  • Samarbeid med andre instansar rundt eleven
  • Bidra til auka læringsutbytte for elevar med psykososiale utfordringar. 
  • Bidra til eit godt læringsmiljø
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med psykososiale utfordringar
  • Relevant utdanning på bachelornivå til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, grunnskulelærar
  • Andre med relevant og god erfaring vert og vurdert
  • Kompetanse innan miljøterapeutisk arbeid, åtferdsrettleiing eller traumebevisst omsorg er en fordel
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
  • Vere ein tydeleg, roleg og trygg vaksen med eit positivt elevsyn
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel, med vilje og evne til å bidra inn i læringsfellesskapet
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Tolmod og evne til å tenke langsiktig

Personlege eigenskapar er viktig i denne jobben og vil verte lagt stor vekt på. Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader

Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Rettleiing
  • Kurs og kompetanseheving
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • God pensjonsordning og rabatterte forsikringar i KLP
  • Arbeidstida følgjer skuleåret til elevane


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6084740
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune