Company
Sogndal kommuneApplication deadline
10.01.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5989344Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Miljøterapeut/miljøarbeidar - Bu- og miljø Leikangar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.
Sogndal kommune har ledig 2 faste helgestillingar som miljøterapeut/miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta i Leikanger. Stillingane er ledig frå januar 2025. Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire faste stillingar/vikariat i utlysingsperiode som og kan bli handsama med same søkjargruppe.
Ledige stillingar:
2 x 25,35% helgestilling i Stadheimsgarden med arbeid kvar fjerde helg, langvakter inntil 12,5 timar.
Sentrale ansvarsområde:
- Målretta miljøarbeid
- Journalføring
- Bistand til daglege gjeremål
- Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling
- Motivere til aktivitet, trening og sosialisering
- Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø
- Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar
- Andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar:
- 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
- Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming
- Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B – manuell gir
Personlege eigenskapar:
- Omsorgsfull
- Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande
- God lagspelar
- Trygg på deg sjølv og eiga rolle
- Løysingsorientert og fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
10.01.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5989344Look here for other jobs from Sogndal kommune