Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704140Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut/Miljøarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune tilbyr aktivitetar til vaksne i alle aldrar. Tilboda omfattar opplæring, arbeid og andre former for dagaktivitet for menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Eininga har også ansvar for Friskliv og Frivilligsentralen i kommunen.
Vi er 43 positive og engasjerte medarbeidarar som arbeider ved fleire lokasjonar i kommunen, mellom anna på Skei, Vassenden, Sande, Naustdal og i Førde.
Ledige stillingar:
Stilling 1: 100 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar
Stillinga er knytt til Skei Ressurssenter, eit dagsenter for personar med funksjonsnedsetting. Arbeidsstaden er i hovudsak på Skei, men den som vert tilsett må vere fleksibel og kunne arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.
Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Stilling 2: Inntil 150 % vikariat som miljøterapeut/fagarbeidar
Stillinga er knytt til dagsentertilbod for personar med demens og eldre i Førde og Naustdal. Stillinga kan tilpassast ønskt stillingsstorleik. Arbeidsstaden er i hovudsak i Førde og Naustdal, men det kan vere aktuelt å arbeide ved andre aktivitetstilbod i kommunen ved behov.
Vikariatet er i første omgang for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonar:- relevant utdanning innan helse- og sosialfag, til dømes aktivitør, helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
- andre relevante utdanningar vil også bli vurderte
- relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- førarkort klasse B
- god IKT-kompetanse
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Godkjent politiattest må leggast fram før tiltreding.
Vi ser etter deg som:- er kreativ og glad i å arbeide med menneske
- har lett for å skape gode relasjonar
- er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
- kan motivere og engasjere andre
- samarbeider godt og trivst i tverrfaglege miljø
- arbeider strukturert og målretta
- har god gjennomføringsevne
- handterer eit variert spekter av arbeidsoppgåver
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr- utfordrande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- samarbeid med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar
- eit arbeidsmiljø prega av fagleg utvikling og samarbeid
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
20.09.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6704140Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune