• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    02.08.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6662814
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut/Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein trygg, tydeleg og engasjert fagperson som ønskjer å bidra til gode rammer for meistring, utvikling og livskvalitet?

Vi søkjer etter personar som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen gjennom relasjonsbygging, omsorg og fagleg oppfølging. Vi ser etter medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn som kan bidra til eit sterkt fagmiljø og gode tenester for brukarane våre.

Vi ønskjer å finne dyktige medarbeidarar som kan bidra positivt inn i eininga vår – og vi håpar du er ein av dei.

Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er i ferd med å etablere ei ny avdeling som skal yte heildøgnstenester til inntil fem brukarar med ulike utfordringar og problemstillingar. I høve dette planlegg vi for å opprette fleire stillingar.

Det vert planlagt for turnusordning med nattevakter, langvakter og medlevarordning/døgnturnus (2-7-2-7-3-7). Skriv gjerne i søknaden kva type turnus som kan vere aktuell for deg. Også om det skulle vere aktuelt med fleire alternativ. 

Stillingane er i utgangspunktet 100 %, men stillingsstorleiken kan variere noko mellom dei ulike turnusordningane.
 

Oppstart vil verte stegvis, då dato for innflytting av brukarane er ulikt. Ein jobbar for å få etablert bemanning kring fyrste brukar fram mot jul 2026.

Vi oppmodar menn om å søkje, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Arbeidsoppgåver :
  • Miljøterapi og miljørbeid 
  • Skape tillit og trygge relasjonar med fokus på å utvikle sjølvstende og meistring 
  • Samarbeid med pårørande, samarbeidspartnarar og andre instansar 
  • Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak 
  • Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø 
Kvalifikasjonar :
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde, til dømes barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. For å sikre breidde i kompetansen og eit godt tverrfagleg samarbeid ønskjer vi søkjarar med ulik relevant utdanningsbakgrunn. Søkjarar med anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning og erfaring kan òg bli vurderte. Samansetjinga av kompetansen i tenesta vil bli tillagt vekt ved tilsetjing.
  • Gyldig førarkort klasse B 
Vi søker deg som:
  • Har erfaring frå liknande arbeid 
  • Har god skriftleg framstillingsevne 
  • Har eit ekte engasjement for arbeid med menneske 
  • Er god til å skape trygge og tillitsfulle relasjonar 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Er fleksibel, løysingsorientert og robust 
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

 Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr :
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

 

I eininga har vi omlag 47 årsverk. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.

Du søkjer elektronisk.

Velkommen som søkjar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktinformasjon:

Einingsleiar Psykisk helse og rus

Finn Ove Arnes; Tlf: 47 65 35 20. Finn.ove.arnes@sunnfjord.kommune.no

Grunna ferieavvikling vil eg ikkje vere tilgjengeleg på telefon i søknadsperioden. Dersom de treng å prate med nokon, ta kontakt med:

I perioden 06.07 - 17.07

Bjørn Henning Solheim på tlf: 48 11 18 71

 I perioden 20.07 - 31.07

Aina Mikkelsen på tlf: 91 39 23 21

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    02.08.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6662814
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune