• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6534861
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Miljøterapeut/miljøarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me i Bu-og miljøtenestasone Leikanger iStadheimsgardenhar ledige stillingar.Me yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenestaomfattar personelg assistanse, opplæring og oppfølging i dagleglivet og fritid. Me jobbar langvakter, som er på 12 timar. Med denne arbeidstidsordninga får tenestemottakar og du som tilsett, moglegheit til å jobbe tett og målretta over tid. Arbeidstidsordninga er lagt opp slik at ein jobbar i t.d. 3-4 dagar og så fri inntil ei veke. Passar godt for deg som likar og jobbe intensivt, og så lengre friperiode.  Med å jobbe med oss får du vere del av eit team som består av godt kvalifiserte kollegar.  

Sogndal kommune sone Leikanger har ledig følgjande faste stillingar:  

 

Ledige stillingar: 

2 x 25,35 fast stilling på helg, langvakter. 

25,35% fast stilling natt. 27,46% fast stilling helg. Langvakter. Desse to stillingane kan kombinerast. Det kan og bli ledig fleire vikariat. 

 

Sentrale ansvarsområde: 

  • Målretta miljøarbeid 

  • Journalføring 

  • Bistand til daglege gjeremål 

  • Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling 

  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering 

  • Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø 

  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar 

  • Andre oppgåver ved behov 

 

Kvalifikasjonar: 

  • 3-årighelse-sosial- eller pedagogiske fagfrå høgskuleog/eller universitetsnivåeller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag  

  • Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming 

  • Fordel med kjennskap tilGerica, Microsoft 365 ogVisma flyt ressursstyring 

  • Beherske norsk skriftleg og munnleg 

  • Førarkort klasse B manuell gir  

 

Personlege eigenskapar: 

  • Omsorgsfull 

  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaerog pårørande  

  • God lagspelar  

  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle  

  • Løysingsorientert og fleksibel 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

 

Spesielle vilkår for stillinga: 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 

- Politiattest av ny dato 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Løn etter tariff 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6534861
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune