Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6040974Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Miljøterapeut i tiltak
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det vil frå dags dato bli ledig fylgjande: inntil 100 % vikariat og 50 % fast vikar ut skuleåret med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
Desse stillingane er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog foreldre, dei andre tilsette i teamet og med rettleiing frå eksterne. Du skal mellom anna:
Skape meiningsfylte dagar for einskildelevar ved skulen.
Til retteleggje for og delta i daglege aktivitetar
Utarbeide og følgje opp individuelle opplæringsplanar
Samarbeid med og utføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personale
Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og daglege gjeremål
Handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måte
Bidra til eit godt skule og arbeidsmiljø
Syte føre at det skjer god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til eleven
Arbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste
Gi eleven sosial trening og eigenmeistring
Kvalifikasjonar:
Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, høvesvis vernepleiar eller anna helsepersonell, men det er ikkje eit krav
Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme og utfordrande åtferd vil vere ein fordel.
Kompetanse innanfor spesialpedagogikk.
Ha erfaring med elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og særskilde diagnosar
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vi ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i møte med krevjande utfordringar og evnar å arbeide i eit team.
Me tilbyr:
Som miljørettleiar og fagarbeidar på Kvåle skule kan du vente deg:
ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
gode pensjons- og forsikringsordningar.
gode velferdsordningar.
løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6040974Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Pedagogisk leiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Miljøterapeut - psykisk helse og rus, Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsesjukepleiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Avdelingsleiar vatn og avløp
Sogndal kommune
SOGNDAL