Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut/helsefagarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga «Butiltak psykisk helse» gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Eininga har to avdelingar, i Førde og på Vassenden. Stillinga som er utlyst er knytt til avdelinga i Førde

Avdelinga i Førde har 25 brukarar og ca 30 tilsette. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane  bur i omsorgsbustad.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 1 x 60 % fast stilling miljøterapeut (sjukepleiar/vernepleiar/sosial arbeidar

    1 x 22 % fast helgestilling helsefagarbeidar/assistent

    1 x 18 % fast helgestilling helsefagarbeidar/assistent

Stillingane er ledig frå: Januar 2026.

Vi har kveld, langvakter og kvilande nattevakt i samband med seinvakta. Ein må berekne å gå alle typane vakter. Helgestillingane inneber arbeid kvar 3.helg

Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga.

Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.

 

Vi søker deg som har:
  • førarkort kl B
  • evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar
  • gode samarbeidsevner
  • gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • god datakunnuskap
  • erfaring frå psykisk helsearbeid
  • evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell    
  • likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • fleksibilitet

Personleg eignahet vert vektlagt ved tilsetting.


Vi tilbyr:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
  • god opplæring
  • langvakter
  • god pensjons- og forsikringsordning

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!