• Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    08.02.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6510190
  • Look here for other jobs from Sula kommune
Vacancy

Sula kommune

Miljøterapeut/fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Solevåg skule og SFO vil det frå 4.mai 2026 vere ledig stilling som miljøterapeut. Stillinga er i hovudsak knytt til oppfølging av enkeltelevar, men noko av arbeidet er også i grupper med elevar. Tidlegare oppstart enn 4.mai kan verte aktuelt.

På vår skule er det viktig å skape eit trygt og godt miljø for barna. Vi legg til rette for varierte, positive og aktive dagar for elevane. Tilsette har stor grad av medverknad når det kjem til innhald i arbeidskvardagen. 

Vi søker ein miljøterapeut med erfaring eller kunnskap om barn med ulike funksjonsvariasjonar, og med kompetanse i å legge til rette for barn som har behov for oppfølging, støtte og tilsyn for å meistre kvardagen sin. Stillinga inneber arbeidsoppgåver knytt til både undervisning og SFO.

Stillinga følgjer normal arbeidstid.

Kvalifikasjoner:

Vi søker fortrinnsvis etter nokon med utdanning som vernepleiar, men anna utdanningsbakgrunn kan også vere aktuell (t.d. sosionom, barnevernspedagog). Fagarbeidar med kompetanse og erfaring med barn med funksjonsvariasjonar kan også søke.

Det er ønskelig med kompetanse og/eller erfaring med barn med ulike funksjonsvariasjonar.

Ønskeleg med kompetanse og erfaring på kommunikasjon – alternativ supplerande kommunikasjon

 

Personlige egenskaper:

Vi leitar etter ein trygg og kompetent vaksen som evner å møte barn med kjærleik, omsorg og tydelege grenser.
Du er leiken, modig og raus i arbeidet ditt med barn og familiar.
Du må kunne bygge gode relasjonar med barn, og vere tydeleg når det gjeld å leie enkeltbarn eller barnegrupper.
Arbeidet kan vere både fysisk og psykisk utfordrande
At ein er personleg eigna til stillinga vert tillagt stor vekt.
Du har aktivitetsbakgrunn som du ønsker å bruke i jobben, og du tenker kreativt i arbeidet med å tilrettelegge aktivitetar for barn.
Du har evne til å vise varme, omsorg og har vilje og evne til å arbeide i eit hektisk miljø.
Du må være glad i å vere ute, du må ha god helse.
Vi trur at barn treng ulike rollemodellar, og oppfordrar derfor menn til å søke.

Vi tilbyr:

Eit raust, inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med stor grad av humor, trivsel og arbeidsglede
Eit breitt og spennende fagmiljø
Interessante arbeidsoppgaver og gode utviklingsmuligheter
Kollegaer i alle aldrar
Samarbeid med kollegaer i andre fagteam og avdelingar
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Løn etter gjeldande tariff og gjeldande avtalar.

 

  • Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    08.02.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6510190
  • Look here for other jobs from Sula kommune