Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
21.04.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5679885Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 09.04.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut eller helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sande bu- og miljøteneste, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den somatiske og psykiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Vi har ledig:- 70 % fast stilling for miljøterapeut eller helsefagarbeidar
Stillinga er for tida med nattevakter og arbeid 3. kvar helg.
Krav til søkar:- 3 årig helse og sosialfag eller pedagogisk høgskuleutdanning eller fagbrev som helsefagarbeider
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- godkjent politiattest av ny dato
- gode IKT kunnskapar
- førarkort klasse B
Vi oppmodar også andre med relevant utdanning, erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søkje, og vil da bli vurdert.
Arbeidsoppgåver:- gje omsorg og miljøarbeid til den enkelte
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- sikre journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
- rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta
- har ønskje og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- trivast å arbeide sjølvstendig og i team
- er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel, stabil og endringsvilleg
- er god på relasjonsbygging og skape tillit.
- er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene. Har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
Det er ynskjeleg med kjennskap til brukargruppa, men dette er ikkje eit krav.
Vi kan tilby:- engasjerte kollegar og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- varierte og spanande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- løns – og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- verne- og sjukepleiarstudentar har eigen lønnsramme, med stigande lønn under studiet
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
21.04.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5679885Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 09.04.2024