Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
20.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5939056Se här för andra jobb från Hå kommune
Hå kommune
Miljøterapeut / barne- og ungdomsarbeider
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vigrestad skule har ledig eit 75 % vikariat frå 6.1.2025 til 25.11.2025. Stillinga er fordelt på skule og SFO.
Vigrestad skule har i overkant av 200 elever, fordelt på 1.- 4.klasse. Me har om lag 30 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/vigrestad-skule.
Vi søker deg som er:
- robust
- trygg, varm og tydeleg i møte med elevane
- engasjert og deltakande i elevane si sosiale- og emosjonelle utvikling
- god til å samarbeida
Kvalifikasjoner
- relevant høgskuleutdanning eller fagbrev som barne-og ungdomsarbeider
- gode språkferdigheiter i norsk
- personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt
Arbeidsoppgåver
- Planlegga, gjennomføra og evaluera opplegg med enkeltelevar i samarbeid med pedagogisk personell.
- Følga opp elevar med sosiale og emosjonelle vanskar og støtte dei gjennom skuledagen, både fagleg og sosialt.
- Bidra til at elevane får eit trygt og godt læringsmiljø på skule og SFO.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
20.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5939056Se här för andra jobb från Hå kommune