• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    01.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6345864
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
Ledigt jobb

Hå kommune

Miljøterapeut/barne- og ungdomsarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillinga er på 25,37 % med arbeidstid tysdagar og fredagar frå 11-16, og 4 dagar i ferie-SFO.

Vigrestad skule har i overkant 200 elever, fordelt på 1.-4. klasse. Me har om lag 30 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/vigrestad-skule.

Vi søker deg som er:
- robust
- trygg, varm og tydeleg i møte med elevane
- engasjert og deltakande i elevane si sosiale- og emosjonelle utvikling
- god til å samarbeida

Kvalifikasjonar:
- relevant høgskuleutdanning eller fagbrev som barne-og ungdomsarbeider
- personar med relevant erfaring vert oppfordra til å søka
- gode språkferdigheiter i norsk
- personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt

Arbeidsoppgåver:
- Bidra til at elevane får eit trygt og godt læringsmiljø på SFO
- Følga opp enkeltelevar og støtte dei gjennom dagen i SFO

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    01.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6345864
  • Se här för andra jobb från Hå kommune