Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
09.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6213993Se här för andra jobb från Hå kommune
Hå kommune
Miljøterapeut/barne- og ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vigrestad skule har fire ledige stillingar. To stillingar på om lag 80 %, med arbeidstid kvar dag, fordelt på skule og SFO. To stillingar på 24 %, med arbeidstid tysdag og fredag, på SFO.
Vigrestad skule skule har i overkant 200 elever, fordelt på 1.-4. klasse. Me har om lag 30 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/vigrestad-skule.
Vi søker deg som er:
- robust
- trygg, varm og tydeleg i møte med elevane.
- engasjert og deltakande i elevane si sosiale- og emosjonelle utvikling
- god til å samarbeida
Kvalifikasjonar:
- relevant høgskuleutdanning eller fagbrev som barne-og ungdomsarbeider
- gode språkferdigheiter i norsk
- personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt
- personar med relevant erfaring vert oppfordra til å søka
Arbeidsoppgåver:
- Planlegga, gjennomføra og evaluera opplegg med enkeltelevar i samarbeid med pedagogisk personell.
- Følga opp elevar med sosiale og emosjonelle vanskar og støtte dei gjennom skuledagen, både fagleg og sosialt.
- Bidra til at elevane får eit trygt og godt læringsmiljø på skule og SFO.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
09.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6213993Se här för andra jobb från Hå kommune