• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    23.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6671194
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Miljøterapeut 80 % fast stilling, dagavdeling/bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Om avdelinga:

Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver? 

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar. 

Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling på vårt dagsenter med 15 brukarar. Delar av stillinga er knytt til bufellesskap for vaksne utviklingshemma.

 20% av stillinga er knytt til timebank som er lagt inn i årsturnus.

 

Arbeidsoppgåver:

Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver knytt til stell, pleie og aktivitet. 

  • Omsorg og pleie av brukarar ved senteret
  • Delta i aktivitetar saman med brukarane.
  • Medansvarleg for eit godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
  • Kjenna til og etterleva gjeldande rutine i vårt kvalitetssystem
  • Rettleia elevar, studentar og lærlingar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisasjon som vernepleiar eller anna 3 årig relevant helsefagleg utdanning. Autorisert helsefagarbeidar kan verta vurdert til stillinga dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
  • Gyldig politiattest
  • Førarkort klasse B

Ønskjeleg med:

  •  Erfaring med og engasjement for brukargruppa

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
  • Er god til å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Har eit godt humør og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • Løysingsorientert 
  • Engasjerer deg og er positiv i møte med både brukarar og pårørande
  • Likar nye utfordringar

Vi tilbyr:

  • Gratis parkering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontaktperson:

Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

 

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    23.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6671194
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune