• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    05.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6655539
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga

Pollhaugen er eit butiltak med 9 personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har varierande hjelpebehov og diagnosar. Pollhaugen ligg sentralt i Straumeområdet, nær offentleg transport og kommunedelssenteret.

Målsettinga vår er å bidra til at kvar enkelt bebuar får ein aktiv og meiningsfull kvardag der trivsel, sjølvråderett og meistring står sentralt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar.

Arbeidsoppgåver
  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp.
  • Dokumentasjon i fagjournal.
  • Koordinering og tilrettelegging av tenester.
  • Medisinsk ansvar og legemiddelhandtering.
  • Oppfølging av primærkontaktoppgåver, tenestemottakarar, pårørandekontakt, tiltaksplanar og kartlegging.
  • Organisering av arbeidsplanar.
  • Arbeid med autismevennleg tilnærming og kommunikasjon.
  • Oppfølging av tvangsvedtak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som miljøterapeut.
  • God kunnskap om og erfaring frå arbeid med personar med autisme.
  • God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Erfaring med legemiddelhandtering.
  • Evne til å koordinere, kartleggje og leggje til rette for tenester for personar med utviklingshemming.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
  • Evne til samarbeid, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta.
  • Engasjement for fagleg utvikling og interesse for brukargruppa.
  • Evne til å byggje gode relasjonar.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Turnusen omfattar 12 helger per år med kombinasjon av langvakter og ordinære vakter, med vakter på inntil 13,5 timar. 

Vikarperiode: 01.07.2026 - 21.03.2027

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 
Kontakt

Fredrik Degerman
Avdelingsleiar Pollhaugen
Mobil: 488 60 948

Kristin Straume
Einingsleiar MMNF
Mobil: 997 99 526

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    05.07.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6655539
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune