• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    20.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6613266
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

80 % stilling miljøterapeut - psykisk helse og rus 

Ein av våre tilsette skal bli pensjonist og me ønskjer oss ein ny medarbeidar for å gjere teamet komplett. Liker du å være aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje: 

80 % fast stilling som miljøterapeut 

Aukra kommune ønskjer seg ny medarbeidar som kan verte ein del av eit solid team med gode fagfolkStillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må kunne rekne med å arbeide på ettermiddag/kveld ved behov. Næraste leiar er avdelingsleiar. 

Om avdelinga 
Stillinga er organisert i psykisk helse og rus som høyrer til eining for Helse. Eininga består av legesenter, helsesjukepleie, fysio- og ergoterapi, samt psykisk helse og rus. Avdelinga består av 2 miljøterapeutar og 2 stillingar som psykiatrisk sjukepleierPsykisk helse og rus driv lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging for personar med låge eller moderate psykiske helseproblem. Avdelinga er òg ein del av det psykiske helseteamet for barn og unge i Aukra kommune og er med i fleire tverrfaglege og interkommunale samarbeidsprosjekt 

Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar; 

  • 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå 
  • Vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller annan relevant utdanning. 

Kvalifiserte søkjarar utan vidareutdanning må forplikte seg til å ta dette for å bli tilsett. 

  • Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel 
  • God på observasjon, kommunikasjon og samhandling 
  • Godkjent politiattest 
  • Sertifikat klasse B 
  • Digital kompetanse 
  • Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk) 
  • Personleg eigna for stillinga 
  • Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne 

Vi tilbyr 

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer 
  • Løn etter tariff 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    20.05.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6613266
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune