• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6595762
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? I avdeling Leikanger treng me fleire tilsette. Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk.

Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.

Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter.

Vi har ledig ei 70 % fast stilling med langvakt som miljøterapeut innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp til arbeid i turnus, med vakter 4. kvar helg.

Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett.

 

Me oppmodar menn til å søkje.

Det blir gjennomført intervju i veke 22.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  •  Målretta miljøarbeid og miljøterapi
  •  Praktisk bistand i daglege oppgåver
  •  Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta
  •  Medikamenthandtering
  •  Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

 

 

Kvalifikasjonar:

  •  Bachelor innan helse- og sosialfag
  •  Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan psykisk helse/rus
  •  Førarkort klasse B
  •  Gode norsk kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

  •  Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
  •  Har god relasjonskompetanse.
  •  Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
  •  Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar.

Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 

Me tilbyr:

  •  Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
  •  Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
  •  Eit godt arbeidsmiljø · Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Gode velferdsordningar
  •  Løn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    03.05.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6595762
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune