Ledig stilling

Sogndal kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kan du tenkja deg å bu i Sogn? Frisk luft blant fjell og fjord. Jobbe med psykisk helse og rus? Då trur me at dette er jobben for deg!

Me i psykisk helse og rus oppfølgingsteam har ledig stilling for deg som har utdanning innan 3-årig helse- og sosialfag med vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Stillinga er 80% fast. Ein går turnus med langvakter på inntil 12,5t og nokon dagvakter. Arbeid kvar 4. helg. Me brukar pr. i dag årsturnus. Avdelinga er bemanna på dag, kveld og helg. Psykisk helse/rus oppfølgingsteam held til i Sogndal, men yter også tenester andre stader i kommunen.

Dersom du er engasjert og positiv til nye utfordringar, søkjer me deg. Me ynskjer deg som er sjølvstendig, men samstundes jobbar godt i team. Kollegagruppa vår er lita og det er difor viktig for oss at du er oppteken av godt arbeidsmiljø. Med godt arbeidsmiljø meiner me blant anna at du kan vera usamd, men samstundes ha respekt for kollegane dine. Lytte til alle, og samstundes seie di meining. Le i saman, og samstundes samtala om det som er mindre kjekt. Me søkjer kollega som tek initiativ til dei ulike arbeidsoppgåvene og som er tolerant i krevjande situasjonar. Det er viktig at me jobbar saman i ei gruppe mot måla for kvar einskild, utifrå tenestene dei vert tildelt og innafor dei rammene me har. Hovudmålet med tenesta er å sikre at brukar har ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Me oppmodar menn til å søkje på stillinga, med tanke på personalet si samansetjing.

Hjå oss vil du bli ein del av eit arbeidsmiljø prega av høgt engasjement og mykje tverrfagleg  kompetanse. Me har fokus på utvikling både gjennom ekstern opplæring, men like viktig internt, i kollegiet og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierande og du får delta i ei teneste som alltid er i utvikling.

 

 Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierte og inneber blant anna:

  • Medikamenthandtering
  • Målretta miljøarbeid og samtale ilag med brukar.
  • Praktisk bistand i daglege oppgåver, både i og utanfor heimen.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk. Tiltak, prosedyrer, ADL og IPLOS i Gerica.
  • Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig utdanning innan helse og sosialfag
  • Vidareutdanning i psykisk helse og rus/påbegynt vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

Ynskjelege kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Høg grad av sjølvstende.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • God evne til samarbeid.
  • Strukturert, fleksibel og løysningsorientert.

Me tilbyr ellers:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale

Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.