• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    15.08.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5830834
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 31.07.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du å vere ein del av eit godt fagleg team i Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune? Då skal du søkje på denne stillinga.

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. 
Psykisk helse og rus er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.

I eininga er vi omlag 22 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling og har eit tett samarbeid med jobbspesialistar. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsler.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg!

Vi har ledig: 
  • 100 % fast stilling som miljøterapeut frå  01.10.2024

Stillinga er dagarbeid og ligg til sone Sande. 
Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og ein må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. 

Til denne stillinga har det vore knytt ei rolle som driftskoordinator. I denne rolla vil ein ha ansvar for den daglege drifta, og vere eit bindeledd inn mot leiinga. Det kan verte aktuelt å vurdere aktuelle søkarar inn i ei slik rolle, men er ikkje ein føresetnad for å tiltre i stillinga.

Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Det kan også vere aktuelt å tilby kompetanseheving, avhengig av kva du har frå før eller kva som vil vere behov for i eininga vår.

Kvalifikasjonar: 
  • Vi søker primært etter personar med medisinskfagleg kompetanse, sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Anna relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag vert også vurdert. 
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning eller erfaring innan feltet rus og rusproblematikk, men ikkje eit absolutt krav. 
  • Anna relevant kompetanse og erfaring som er aktuelt for stillinga, vil også verte vurdert.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som: 
  • har gode samarbeidsevner
  • er positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • er strukturert
  • er sjølvstendig og trygg
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver: 
  • Oppfølging av tenestemottakarar
  • Dokumentere i relevant fagsystem
  • Arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar 
  • Bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr: 
  • tverrfagleg arbeid 
  • engasjerte kollegaer og leiarar  
  • godt arbeidsmiljø 
  • faglege utfordringar 
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

 Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Du må søke elektronisk. 

Velkommen som søkar!

 

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    15.08.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5830834
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 31.07.2024