• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    26.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4965097
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 11.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Miljøarbeidar - 63 % fast natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi auker bemanninga og har difor ledig fast stilling som våken nattevakt, med arbeid kvar 3. helg i 63 % stilling. Stillinga er for tida knytt til psykisk helse og rus, avdeling heildøgnsbemanna butilbod, ved Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik. Vi søkjer etter deg med erfaring og engasjement for fagfeltet psykisk helse.

Om Psykisk helse og rus, avdeling heildøgnbemanna butilbod

Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med fem bufellesskap for menneske med alvorlege psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga inkluderer også ein institusjon for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har fire bustader tilknytt Lindås, ein i Knarvik medan institusjonen vår ligg på Manger. Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik, og gjev tilbod til 6 personar. 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø utifrå behov og målsetting med miljøterapeutiske tiltak
  • Skape ro, støtte og tryggleik for bebuarar på natt
  • Delta i kvalitetsutviklinga i tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod
  • Rapportering munnleg og skriftleg

Kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring med arbeid frå psykisk helse og rus

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. 

Personlege eigenskapar
Som miljøarbeidar har du

  • engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus
  • arbeidserfaring frå feltet

Du tør å stole på deg sjølv og kan ta sjølvstendige avgjersler. Du er trygg i møte med andre. I tillegg er du handlekraftig, tolmodig og bestemt. Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på erfaring frå arbeid med brukargruppa, personlege eigenskapar og samarbeidsevner.

Vi tilbyr

Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    26.03.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4965097
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 11.03.2023