Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.09.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4085951Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 08.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% fast stilling, Straumehagen/Straume arbeids- og aktivitetssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Straumehagen er bustader for unge vaksne med nedsett funksjonsevne. Dei bur i eigne bustader. Det er 2 brukarar som er tilknytta personalbase. Brukarane har varierande hjelpebehov og tilleggsdiagnosar. Personalgruppa er tverrfagleg samansett, har eit godt fag- og arbeidsmiljø. Straumehagen ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter.
50 % av stillinga er knytta til turnus med seinvakter og helg på denne avdeling
Straume Arbeids- og aktivitetssenter er dagtilbod til menneske med nedsett funksjonsevne som bur heime eller i eigne bustader/bufellesskap. Innhaldet i dagtilbodet er diverse aktivitetar og produksjon av ulike salsartikler. Det er også ei utegruppe som jobbar med meir fysisk arbeid, t.d vedkløyving.
50 % av stillinga er knytta til arbeid på dag på denne avdeling
Arbeidsoppgåver:
- Miljøterapeutisk arbeid
- Medisinsk oppfølging
- Medikamenthandtering
- Arbeid etter kap.9 , vedtak, oppfølging og rettleiing
- Samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
- Koordineringsansvar og ansvar for IP, deltaking i ansvarsgrupper
- Rettleiing av kollegaer, studentar og elevar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon vernepleier/ sjukepleier
- Andre med 3-årig bachelorutdanning med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om ikkje kvalifiserte søkjarar søkjer.
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming med samansette vanskar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar:
- Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å gje det lille ekstra i møte med tenestemottakar og familie
- Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne/psykisk utviklingshemming
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt.
Anna:
- Gyldig politiattest må førevisast for den som blir tilsett
- Årsplan på 52 veker, med ulike arbeidstidsordningar. Bl.a langvakter på 13 timar i vekene og helger.
- Stillinga er ledig frå snarast
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hildegunn Vengen mob: 902 72 800
Avdelingsleiar Ruth Sangolt, mob 906 53 867
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.09.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4085951Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 08.09.2021