Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.07.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3934967Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 17.06.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% fast stilling, Straume bu og servicesenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppa som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 28 omsorgsbustader.
Det er no ledig ein stilling som miljøterapeut i bufelleskap A hjå oss. Dette er eit bufelleskap for menneskjer med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til meiningsfylte aktivitetar både i og utanfor bustad
- Målretta miljøarbeid
- Legemiddelhandtering
- Samhandling med pårørande
- Ivareta brukars individuelle behov
- Dokumentering i fagjournal
Kvalifikasjonar:
- 3-årig Bachelor i sjukepleie eller vernepleie. Andre 3 årige relevant høgskuleutdanning vil også bli vurdert.
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med utviklingshemma.
Eigenskapar:
- Du må trivast saman med menneskjer og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarar.
- Du er engasjert og positiv
- Du har gode samarbeidsevner
- Er ein god teamarbeider
- Kan jobba sjølvstendig og er løysningsorientert
- Du er open for nye utfordringar
- Evner å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Avdelingsleiar, Astrid Geitle, Tlf: 913 19 622
Einingsleiar, Trude Myklebust, Tlf: 482 22 316
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.07.2021Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3934967Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 17.06.2021