Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
23.05.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3805743Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 07.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% fast stilling - MMNF sone Straume
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Stillinga er delt 50 – 50 mellom Straume arbeids- og aktivitetssenter og Straumehagen omsorgbase. Straume arbeids- og aktivitetssenter er for vaksne utviklingshemma. Oppgåvene er varierte og tilpassa den einskilde. Det er fokus på arbeidstrening, aktivisering og stimulering.
Straumehagen Omsorgsbase yter tenester til unge vaksne med samansette hjelpebehov som mottek tenester i eigen bustad. Turnus med arbeid fjerde kvar helg.
Stillinga er ledig frå 14.06.2021
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing og oppfølging av den einskilde tenestemottakar
- Tilrettelegge arbeids- og aktivitetsoppgåver
- Bidre til ein aktiv kvardag med sosial – og adl trening
- Iverksetjing og oppfølging av tiltak med særleg fokus på tenesteutvikling
- Medisinhandtering
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Bachelorutdanning innan vernepleie eller sjukepleie
- Medisinkompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå liknande arbeid
- Kjennskap til målgruppa
Personlege eigenskapar:
- Løysningsorientert
- Sjølvstendig og fleksibel
- Strukturet
- Gode samarbeidsevner
Anna:
- Sertifikat
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
May-Liss Snekkevik, Avdelingsleiar – Tlf 55 09 69 20
Hildegunn Vengen, Einingsleiar – Tlf 90 27 28 00
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
23.05.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3805743Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 07.05.2021