• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    28.06.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3926619
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 14.06.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% fast, MMNF sone nord

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

MMNF sone nord yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i døgnbemanna bufelleskap og eigne bustadar knytt til ein base. Vi har også avlastningsbustad for born med særskilde behov. Turnusen har pr. i dag for det meste langvakter, og langvakter 4. kvar helg. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Samhandling med pårørande
  • Primærkontakt oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

 

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå, (andre høgskuleutdanningar kan bli vurdert).
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Kompetanse på tenesteutøving for menneskjer med komplekse bistandsbehov knytt til utviklingshemming, ulike formar for psykiske lidingar og åtferdsproblematikk.
  • Sertifikat klasse B

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå liknade arbeid
  • Erfaring frå tvang (kap 9)

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeidar
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø ved å framme det positive
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnaheit

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen mobil  909 43 934
Einingsleiar: Kristin Straume mobil 997 99 526

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    28.06.2021
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3926619
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 14.06.2021