Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
05.09.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6352652Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljøterapeut 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Rong Arbeidssenter og Ternholmtunet bufellesskap ligg på Rong og yt tenester til personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Det er no behov for ein som er fast på arbeidssenteret (dagvakter), samt kvar 4. helg på Ternholmtunet bufellesskap.
Vi har som målsetting om å legge til rette for at den enkelte har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ei tverrfagleg og engasjert personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar.
Vi får ledig ei 100% fast stilling som miljøterapeut frå 20. september.
Arbeidsoppgåver:- Ivareta bebuarens individuelle behov
- Leggje til rette for meiningsfylt aktivitet
- Være pådrivar for fagleg utvikling
- Koordinatoransvar
- Arbeid knytt til Lov om helse- og omsorgstjenester kap. 9.
- Planleggje, iverksette og evaluere faglege tiltak, som fremmer målretta miljøarbeid
- 3-årig helse- og sosialfagleg høgskole
- Lang erfaring frå brukargruppa
- Erfaring med miljøterapeutisk arbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- God på å planleggje og organisere.
- Erfaring frå brukargruppa
- Erfaring frå brukarar med åtferd som utfordrar
- Erfaring innan psykiatri, autisme og/el demens
- Høg grad av kreativitet
- Interesse innan song og musikk
- Interesse for handarbeid
- Være fleksibel og oppteken av å finne løysingar
- Kreativ og ha interesse for skapande verksemd.
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Taklar hektiske og utfordrande situasjonar
- Du er ein god lagspelar og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Å være personleg egna vil bli sterkt vektlagt
- Det er naudsynt med førarkort klasse B
- Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Åshild Erstad Hagen, Avdelingsleiar: 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
05.09.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6352652Se här för andra jobb från Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 20% vikariat
Øygarden kommune
Rong -
Helsefagarbeidar som vaken nattevakt i 60% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar Faste stillingar natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
STRAUME -
Fast miljøarbeidar i helgestilling
Øygarden kommune
Rong