• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    11.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5971443
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Miljøterapeut 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Avdeling Psykisk helse og Rus i Øygarden kommune er delt inn i tre soner. Oppfølgingstenesta er ein del av tilbodet i avdelingane og består av tverrfagleg samansette team som gjer tilbod til personar med moderat til alvorlege psykisk helse og- /eller rus utfordringar. Tenestene som vert gitt er vedtaksbasert. Tenestene vert individuelt tilpassa og kan verte gitt med individuell oppfølging, gruppetiltak og dagaktivitetstilbod.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eit spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester. Arbeidsdagane er varierte og innhaldsrike med arbeid ute i felten og på kontoret. Du har mykje ansvar, moglegheiter til å strukturere arbeidsdagen din og får bidra til å hjelpe menneske i ei krevjande livssituasjon.

Arbeidsoppgåver:

Samtalar, råd og rettleiing for betre psykiske helse og livskvalitet

  • Råd og rettleiing i gruppetilbod og individuelle samtalar 
  • Hjelp til å etablere struktur i kvardagen og utvikle gode rutinar.
  • Støtte og motivering til meiningsfulle aktivitetar og sosial deltaking 
  • Koordinere tenestetilbod
  • Praktisk bistand opplæring i heimen
  • Nettverksarbeid
  • Individuell plan
KvalifikasjonarMå ha:
  • Fullført treårig høgskuleutdanning.
  • Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid.
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Stor grad av fleksibilitet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Engasjement for målgruppa er ei viktig eigenskap for oss.
Ønskjeleg med:

Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning innan helse-/sosialfagleg utdanning.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har ein utmerka stå-på vilje, er positiv og er løysingsorientert.
Du må ha stor arbeidskapasitet og raskt kunne snu om på planar og trø til der det er behov. Vi arbeidar tett i team på avdelinga og du må kunne samarbeide i planarbeid.

Om stillinga:

Stillinga er ledig frå 1. februar 2025,  for tida i avdeling Nord, Kommunedelssenteret.

Det kan vere aktuelt å tiltre i vikariat allereie frå desember i tilsvarande stilling i ein av våre 2 andre avdelingar om ynskjeleg.

Det er også ledig tilsvarande vikariat i ulike lengder i dei to andre avdelingane våre.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:

Avdelingsleiar Alette Kleppestø, tlf 99085228

Einingsleiar Therese Helgesen, tlf 91529795

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    11.12.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Rong
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5971443
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune