• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    11.03.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6536972
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Miljøtenesta søkjer vernepleiar med fagansvar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøtenesta har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar med fagansvar i tiltak med døgnvakter og langvakter. Stillinga er todelt med 20 % administrativt arbeid og 80 % arbeid i turnus. Dei administrative oppgåvene inneber oppfølging av lovverk, sikre fagleg forsvarligheit i tiltaket, dagleg oppfølging av tilsette og innleige ved sjukdom. Dette inneber at du er fagleg ansvarleg på staden.

Hos oss blir du ein del av miljøtenesta i Fjaler kommune, her har vi tilsette med brei kompetanse med ulik utdanning og erfaring. Du vil jobbe tverrfagleg internt i kommunen og med spesialisthelsetenesta, samarbeid med pårørande.

Vi ser etter deg som er oppteken av miljøarbeid og er oppteken av å levere tenester av høg kvalitet. Du har evne til å reflektere saman med andre, likar å finne løysingar på utfordringar, god på relasjonsbygging og kommunikasjon. Vi legg vekt på at du skal få utvikle deg og nytte din kompetanse.

Hos oss får du introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter utdanning og erfaring og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kvalifikasjonar:
  • autorisasjon som vernepleiar
  • anna relevant 3-årig helsefagleg utdanning kan bli vurdert
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort kl. B
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkuliattest før tiltreding

Personlege eigenskapar:
  • god på kommunikasjon og samarbeid
  • du er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne
  • strukturert, fleksibel og stor grad av sjølvstende
  • evne til å arbeide løysingsorientert

 Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.

Vi håpar du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    11.03.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6536972
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune