Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536972Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Miljøtenesta søkjer vernepleiar med fagansvar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøtenesta har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar med fagansvar i tiltak med døgnvakter og langvakter. Stillinga er todelt med 20 % administrativt arbeid og 80 % arbeid i turnus. Dei administrative oppgåvene inneber oppfølging av lovverk, sikre fagleg forsvarligheit i tiltaket, dagleg oppfølging av tilsette og innleige ved sjukdom. Dette inneber at du er fagleg ansvarleg på staden.
Hos oss blir du ein del av miljøtenesta i Fjaler kommune, her har vi tilsette med brei kompetanse med ulik utdanning og erfaring. Du vil jobbe tverrfagleg internt i kommunen og med spesialisthelsetenesta, samarbeid med pårørande.
Vi ser etter deg som er oppteken av miljøarbeid og er oppteken av å levere tenester av høg kvalitet. Du har evne til å reflektere saman med andre, likar å finne løysingar på utfordringar, god på relasjonsbygging og kommunikasjon. Vi legg vekt på at du skal få utvikle deg og nytte din kompetanse.
Hos oss får du introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter utdanning og erfaring og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
- autorisasjon som vernepleiar
- anna relevant 3-årig helsefagleg utdanning kan bli vurdert
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort kl. B
- den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkuliattest før tiltreding
- god på kommunikasjon og samarbeid
- du er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne
- strukturert, fleksibel og stor grad av sjølvstende
- evne til å arbeide løysingsorientert
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.
Vi håpar du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
11.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536972Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Helsefagarbeidar og miljøterapeut til tiltak i Miljøtenesta 100 % faste stillingar
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar, 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Leiar i Miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Heimehjelp, heimetenesta i Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Driftsoperatør VA til driftssentralen
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD