• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    02.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6207630
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Giske Kommune

Miljørettleiarar ved Valderøy barneskule og SFO / Basen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det blir ledig 2 x 100 % stillingar som miljørettleiar ved Valderøy barneskule og SFO / Basen frå 01.08.2025. Ei av stillingane er fast og den andre er eit vikariat for skuleåret 2025/2026.

Det må kome fram i søknadsteksten om begge stillingane er aktuelle for deg eller ikkje.

Begge stillingane følgjer normalarbeidsår.

Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. 

Visjonen vår er «Med hjarte for læring» - med fokus på vekst og varme.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Menn blir oppfordra til å søkje.

I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søke.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Må kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • God digital kompetanse.

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Evne til å møte barnet der det er, og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst. Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeid med andre. 

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer. 
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    02.06.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6207630
  • Look here for other jobs from Giske Kommune