• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    07.12.2022
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4885838
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 23.11.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Miljørettleiar skule og SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100% vikariat frå 1. januar til og med 28. februar 2023 som miljørettleiar i skule og SFO. Vikariatet kan bli forlenga.

 

Leikanger barneskule er ein 1 – 7 skule der me i dag har 180 elevar fordelt på 10 klassar. På SFO har me 80 barn. Totalt har me 30 tilsette på skule og SFO.

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta både i skuletida og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80 - talet medan det andre bygget stod ferdig på 90 – talet.

Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; BTI – betre tverrfagleg innsats, leseprosjekt, vurdering og stort fokus på IKT.

 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber jobbing både i skule- og SFO tida.

Jobbing i klassar og styrking og oppfølging av barn.

 

Kvalifikasjonar:

Miljørettleiar, fagarbeidar eller erfaring med barn og unge.

 

Personlege eigenskapar:

  • Trivest med barn
  •  Er engasjert og trivest i eit aktivt og travelt miljø
  •  Har gode samarbeidsevner
  •  Er ansvarsbevisst
  • Fleksibel

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtaleverket
  • Ein god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    07.12.2022
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4885838
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 23.11.2022