Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5816548Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 11.07.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Miljørettleiar og fagarbeidar / assistent
Offentlig forvaltning
Vi har ledig
- Inntil 100% fast stilling miljørettleiar / fagarbeidar / assistent Nedre-Ål skule frå 01.08.24
- Inntil 100% mellombels stilling fagarbeidar / assistent Nedre-Ål skule frå 01.08.24
Som miljørettleiar og fagarbeidar / assistent arbeidar du med ulike sosialpedagogiske tiltak opp mot enkeltelev med omfattande behov og 2:1-bemanning. Dette omfattar å tilpasse og støtte elev i skulekvardagen på ulike måtar, i tett samarbeid med føresette, kontaktlærar, faglærarar og fagarbeidarar / assistentar. Etter nærare avtale, kan delar av stillinga omfatte turnusarbeid ved avdeling miljøterapi. Som miljørettleiar vil du vera koordinator i laget rundt dette barnet.
Nedre-Ål skule har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.
Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar / assistentar. Miljørettleiarane på Nedre-Ål har også eigen samarbeidstid der dei jobbar saman kring aktuelle utfordringar og fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Miljørettleiar:
- relevant utdanning, t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
- kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge med autisme
Fagarbeidar:
- interessse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge
- fagbrev barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning
Assistent:
- interessse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge
Arbeidsoppgåver
- følgje opp enkeltelev
- samarbeid og rettleiing av kollegaer
- observasjon
- dokumentasjonsarbeid
- deltaking i samarbeidsmøte med føresette og støttetenester
- kontakt med føresette
- evt miljøterapitenester etter nærare avtale
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer at du:
- har godt lag med barn og ungdom
- er tydeleg og omsorgsfull
- kan arbeide sjølvstendig og målretta
- kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
- har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
- er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
- har godt humør og pågangsmot
- ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
Vi tilbyr
- ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- engasjerte vaksne og barn
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.07.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5816548Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 11.07.2024