Company
Ål KommuneApplication deadline
28.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6503501Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy
Ål Kommune
Miljørettleiar / fagarbeidar / assistent
Offentlig forvaltning
Ål ungdomsskule har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast og ut skuleåret 2025/2026. Vi ynskjer ein engasjert person som kan følgje opp enkeltelevar, som kan vera synleg i elevane sitt fysiske miljø og i klasserommet med lærar og elevar etter behov. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og som tilsett vil du samarbeide med kontaktlærar om opplæringstilbodet i klasserommet.
Personlege eigenskapar
- Er positiv, omsorgsfull og tydeleg.
- Er strukturert og målretta i arbeidet med enkeltelevar.
- Har godt humør og pågangsmot.
- Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
- Vera ein tydeleg rollemodell og kunne sette grenser.
- Har evne til å sjå styrken og potensialet i elevar.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne med elevar, tilsette og føresette.
- Kan samarbeide i team rundt oppfylgjing og rettleiing av elevar.
- Kan samarbeide med hjelpeinstansar utanfor skulen.
- Forebyggande arbeid med sårbare elevar og utanforskap.
- Oppfylgjing av elevar; sosialt, personleg og fagleg.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning eller erfaring innanfor pedagogikk, helse- og sosialfag eller vernepleie.
- Interesse for og erfaring med rettleiing av ungdom.
Me tilbyr
- Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- Engasjerte vaksne og barn.
- Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Pensjonsordning KLP og lønn etter HTA.
Politiattest og søknad
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
28.01.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6503501Look here for other jobs from Ål Kommune