Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4782308Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kaupanger skule ligg i vekstbygda Kaupanger, om lag 10 kilometer frå Sogndal sentrum.
Kaupanger skule er 1-10-skule med elevar frå 6-16 år. Det er 206 elevar ved skulen. Det er til saman 36 tilsette ved skulen og SFO.
Skulen i «skogen» er prega av eit godt og inkluderande skulemiljø med positive elevar, føresette og tilsette.
Me har eit mål om at alle elevane våre har ein god og trygg skulekvardag – kvar dag!
For meir informasjon om skulen; www.kaupanger.skule.no
Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent i 50% stilling frå snarast, og til 30.06.23
Om stillinga:
Arbeid med elevar/klassar i skulen
Arbeid i SFO før og etter skuletid, og på elevfrie dagar/feriar
Arbeidsoppgåver:
Jobbe med born/ungdom individuelt og gruppe i skulekvardagen
Ha medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk målretta arbeid i skule og SFO.
Bidra til å skape gode aktivitetar i tråd med skulen sine verdiar.
Delta skapande, vere undrande og nysgjerrig
Bidra til å skape eit læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring
Ha ansvar for eigne aktivitetar
Delta i utviklingsarbeid
Ta imot, og gi rettleiing
Bidra til godt og nært samarbeid mellom skule/SFO og heim
Kvalifikasjonar:
Det er ynskjeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning eller utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant bakgrunn og kompetanse kan også bli vurdert.
God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Arbeidserfaring med born/ungdom frå skule og SFO
Personlege eigenskapar:
Glede og interesse for arbeid med barn
Føremon med erfaring frå å jobbe med barn & ungdom.
Må kunne organisere grupper i tilrettelagde aktivitetar
Omsorgsfull
Engasjert
Løysingsorientert
Du har godt humør - og bidreg i eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
Spanande jobbar i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Easy Cruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
09.10.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4782308Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.09.2022