Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.12.2024Heltid/Deltid
DeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5475401Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.12.2023
Sogndal kommune
Miljørettleiar/fagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me lyser etter miljørettleiar ved Trudvang skule frå dags dato og ut skuleåret 2023/24. Stillingsstorleik kan vere omlag 80 %. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiar / fagarbeidar vil samarbeida med kontaktlærar /medlærar og føresette om opplæringstilbodet til elevar og klassar. Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for elevane i skulen så er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov og blir utarbeidd i tett dialog med kollegaer. Miljørettleiarane og fagarbeidarane skal mellom anna arbeide med:
- eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- eit godt samarbeid med lærarar på teamet, teamleiar og anna personale.
- god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til elevane
- rettleiing og tilrettelegging av eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov.
- eit godt skule- heim samarbeid og til eleven sitt beste
- sosial trening og eigenmeistring, og etablere eit sosialt nettverk rundt elevane
- skulen sitt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar eller fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Vi har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa og som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar. Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vi ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg elevsyn, og ynskjer å drive ei elevaktiv opplæring til dømes gjennom dagleg fysisk aktivitet og praktisk opplæring.
Me tilbyr:
Som miljørettleiar og fagarbeidar på Trudvang skule kan du vente deg:
- ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- gode pensjons- og forsikringsordningar.
- gode velferdsordningar.
- løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.12.2024Heltid/Deltid
DeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5475401Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.12.2023
-
Lærar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Fagarbeidar/assistent 60% mellombels stilling - Bulandet barnehage
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Assistent/fagarbeidar - Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Fagarbeidar/assistent ved Askvoll skule - 50% mellombels stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg