Company
Sogndal kommuneApplication deadline
31.07.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4632991Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 01.07.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Miljørettleiar/barne- og ungdomsarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga
Sagatun skule og SFO - vikariat i inntil 100% stilling frå 01.08.2022 – 30.07.2023.
Sagatun skule ligg i sentrum av tidlegare Balestrand kommune og er ein 1 - 10 skule med om lag 115 elevar fordelt på 8 klassar og om lag 20 tilsette. Skulen ligg idyllisk til med stort uteområde og utsikt utover Sognefjorden og med skogen og Balestrandsfjella like bak. Elevane kjem frå Fjordane, Dragsvik, utover mot Nessane og frå sentrum i Balestrand.
Arbeidsoppgåver:
· Arbeid med einskildelevar, grupper og klassar på klassesteg frå 1.-10. klasse og på SFO på ettermiddagstid.
· Arbeid med nye flyktningar som kjem til skulen.
· Tildelte leiaroppgåver i SFO.
Krav til kompetanse:
· Me søkjer personar med relevant høgskuleutdanning / fagbrev, og erfaring med elev(ar)/grupper som treng ekstra tilrettelegging og oppfylging, og arbeid i SFO.
· Me treng ein dyktig medarbeidar som kan vere med å leie og utvikle drifta på SFO saman med rektor og dei andre tilsette.
· Me ynskjer ein person med kompetanse og interesse for leik og friluftsliv
· IKT kunnskapar er ei føremon
· Det vil bli stilt krav om godkjent politiattest av nyare dato
· Norsk på nivå A2 og høgre
Personlege eigenskapar:
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar:
· Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
· Evne til å lytte og å vere inkluderande
· Evne til å jobba sjølvstendig og strukturert saman med andre tilsette på klassenivå og i team.
· Fleksibel, tilpassingsdyktig og ha evna til å handtere nye utfordringar.
· Du må like å jobbe med barn og ha evne til å skape gode relasjonar mellom barn og vaksne.
Me tilbyr:
· Løn etter avtaleverket.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar.
· Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
· Godt- og inkluderande arbeidsmiljø.
· Samarbeid med andre SFO- leiarar i Sogndal kommune.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Berre søknadar mottekne innan fristen og levert via Easycruit, vert vurderte.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
31.07.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4632991Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 01.07.2022