Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5573077Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 09.02.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Miljørettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Leikanger ungdomsskule er ein ungdomsskule med ein til to parallellar på 8. – 10.trinn. Skulen ligg fint til ved Sognefjorden på Leikanger, og har ei bygningsmasse frå 1967. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden.
På skulen har me pedagogisk entreprenørskap som ein del av vår arbeidsmåte, der samarbeid med lokalsamfunnet vert vektlagt gjennom partnarskapsavtalar med ulike arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar. Skulen har i dei 4 siste åra vore ein av to lærarutdanningsskular i vår region, og me har hatt studentar i praksis i svært mange år. Difor har me tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Satsingsområda våre i inneverande skuleår er vurdering og inkluderande praksis.
For tida har me 91 elevar på skulen, og me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette. I kollegiet er me om lag 20 tilsette som trivst godt i lag. Me har fleire sosiale aktivitetar i løpet av året, i tillegg har dei tilsette tilbod om volleyballtrening ein gong i veka.
For skuleåret 2024/2025 har me ledig vikariatstilling på 80 %.
Kvalifikasjonar:
Me søkjer ein relasjonssterk, varm og inkluderande miljørettleiar med godt humør, som har erfaring med å arbeide med ungdom med åtferdsvanskar.
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og godt humør
- Viser stort engasjement i å jobbe med unge med ulike åtferdsutfordringar
- Er samarbeidsvillig, tolmodig og interessert i born og ungdom
- Evnar å bygge relasjonar for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Er i stand til å skape eit godt og trygt opplæringsmiljø saman med resten av personalet ved skulen
- Meistre krevjande situasjonar og kan vere konsekvent i beslutningar
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
På Leikanger ungdomsskule kan me tilby:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk
- Arbeidstida følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen
Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.02.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5573077Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 09.02.2024