• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573077
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger ungdomsskule er ein ungdomsskule med ein til to parallellar på 8. – 10.trinn. Skulen ligg fint til ved Sognefjorden på Leikanger, og har ei bygningsmasse frå 1967. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden.

På skulen har me pedagogisk entreprenørskap som ein del av vår arbeidsmåte, der samarbeid med lokalsamfunnet vert vektlagt gjennom partnarskapsavtalar med ulike arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar. Skulen har i dei 4 siste åra vore ein av to lærarutdanningsskular i vår region, og me har hatt studentar i praksis i svært mange år. Difor har me tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Satsingsområda våre i inneverande skuleår er vurdering og inkluderande praksis.

For tida har me 91 elevar på skulen, og me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette. I kollegiet er me om lag 20 tilsette som trivst godt i lag. Me har fleire sosiale aktivitetar i løpet av året, i tillegg har dei tilsette tilbod om volleyballtrening ein gong i veka.

 

For skuleåret 2024/2025 har me ledig vikariatstilling på 80 %.

 

Kvalifikasjonar:

Me søkjer ein relasjonssterk, varm og inkluderande miljørettleiar med godt humør, som har erfaring med å arbeide med ungdom med åtferdsvanskar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og godt humør 
  • Viser stort engasjement i å jobbe med unge med ulike åtferdsutfordringar 
  • Er samarbeidsvillig, tolmodig og interessert i born og ungdom 
  • Evnar å bygge relasjonar for å skape eit trygt og godt læringsmiljø 
  • Er i stand til å skape eit godt og trygt opplæringsmiljø saman med resten av personalet ved skulen 
  • Meistre krevjande situasjonar og kan vere konsekvent i beslutningar 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.

 

På Leikanger ungdomsskule kan me tilby: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk 
  • Arbeidstida følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen

 

Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573077
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024