• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5846465
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.08.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Miljørettleiar 100% fast, Toftøy skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

 

Om skulen:

Toftøy skule er lokalisert på øya Toftøy nord i Øygarden kommune. Reisevegen frå Bergen er ca 35 minuttar. Skuleåret 2024/2025 har skulen 138 elevar. Vår visjon er «Å skape tryggleik og læring kvar dag for alle». Skulen har nynorsk som målform.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar
  • Jobbe systematisk med skulemiljøet
  • Førebyggjande systemarbeid
  • Samarbeid med alle tilsette på skulen
  • Samarbeide med andre instansar
  • Delta på samarbeidsmøte
  • Noko arbeid i sfo
  • Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
  • Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar

 

Kvalifikasjonar:

  • Fullført sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid

 

Ønskjeleg med:

  • Førarkort klasse B
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid  i skulen

 

Vi ser etter ein miljørettleiar som:

  • Er god på samarbeid
  • Er sjølvstendig, men liker å jobbe i team
  • Har evne til å jobbe tverrfagleg
  • Taklar utfordrande situasjon og toler å stå i avvising
  • Viser fleksibilitet og oppteken av å finne løysingar
  • Har kjennskap til skulekvardagen

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Elisabeth Strandtun, rektor Toftøy skule, 41 45 91 74

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5846465
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.08.2024