Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5966292Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Miljøarbeidar psykisk helse- og rustenesta avd Plassen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Psykisk helse- og rustenesta avdeling Plassen har ledig:
1 x 70% fast stilling som miljøarbeidar
1 x 64% fast stilling som miljøarbeidar
1 x 61% fast stilling som miljøarbeidar
Avdeling Plassen er forsterka bustader for personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Avdelinga ligg i Sogndal, har 7 bueiningar, samt fellesareal. Plassen er døgnbemanna og har turnus med langvakter (14 og 13 timar), samt døgnvakter og vakande nattevakter.
Det er ledige 3 stillingar med langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
- Målretta miljøterapeutisk arbeid
- Praktisk hjelp til bebuarane i det daglege
- Tilsyn med bebuarar på dag og natt
- Medikamenthandtering
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Samarbeid med andre viktige aktørar i brukar sitt liv
- Aktiv deltaking i utforming av nye tiltak og oppfølging av desse
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Førarkort klasse B er eit krav
- Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg
- Gode norskkunnskapar
- Politiattest av nyare dato ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
- Evne til å skape relasjonar der dette er vanskeleg
- Er fleksibel og reflektert, og kan takle ulike situasjonar og hendingar
- Gode samarbeidsevner og evne til å både gje og ta imot rettleiing
- Positiv og støttande kollega
- Fagleg interesse og engasjement
Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.
Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5966292Look here for other jobs from Sogndal kommune