Company
Fjaler kommuneApplication deadline
13.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5889180Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 21.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Miljøarbeidar barn og unge 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjaler kommune skal vere ein god kommune å vekse opp i. Vi jobbar målretta mot styrking av det førebyggande arbeidet for barn, unge og deira familiar.
Vi er no på utkikk etter ein dyktig medarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell for barn og unge. Vi kan tilby ei 100 % fast stilling i ein variert og spennande jobb der du vert ein del av eit tverrfagleg team.
Vi ser etter den viktige miljøarbeidaren som skapar gode relasjonar og har evne til å finne gode aktivitetar tilpassa den enkelte barn og ungdom. For nokon er bowling det rette, for andre miniatyrskyting, friluftsliv eller gaming. Nokon barn og unge er i ein utfordrande livssituasjon, som gjer at dei kan reagere og oppfatte ting på ein uforventa måte. Det er difor behov for at du er den trygge og venlege vaksne som støttar barnet i å meistre kvardagen både på skule, fritid og heime, og som kan tilpasse dagen utifrå barnet eller ungdommen sitt behov.
Vi treng deg som har eit unikt ønskje om å vere ein ressursperson i barnet og ungdommen sitt liv. Du kan være ufaglært, eller ha fagbrev innanfor helse, oppvekst eller praktiske fag som til dømes kokk, tømrar, bilmekanikar. I denne jobben kan du nytte kunnskapen din på ein god måte i møtet med barnet/ungdommen. Du må trivast med å jobbe både tett på og saman med andre menneske då dette er ein stor del av jobben.
- Motivere, inkludere og rettleie den enkelte i kvardagen
- Aktivitet både inne og utandørs
- Utføre oppgåver utifrå gjeldende lovverk, vedtak og rettleiarar
- Rettleie i forhold til gode val innan helse, ernæring og sosiale relasjoner
- Praktiske oppgåver
- Bistå noko i personleg hygiene og helseoppfølging
- Delta i teamarbeid
Kvalifikasjonskrav:
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Flink til å jobbe systematisk og målretta
- Fleksibel, venleg og trygg
- Snakkar godt norsk
- Har førarkort klasse B
- Godkjent Politiattest
Vi legge vekt på at ein er personleg eigna til jobben.
- Arbeidstid med langvakter inntil 12,5 time, arbeid kvar 6. helg og friperiodar
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tett samarbeid med andre tilsette i kommunen som jobbar med barn og unge
- Stor grad av sjølvstende til å planlegge og gjennomføre aktivitetar som passar for det enkelte barn og ungdommen
- Kompetanseutvikling
- Rettleiing frå tilsette med relevant spesialkompetanse innan barn og unge
Fjaler kommune har årsturnus. Vi gjer merksam på at arbeidstida kan endre seg dersom behovet til kommunen endrar seg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Godkjent politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før ein startar i stillinga.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
13.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5889180Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 21.09.2024