• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    01.10.2023
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5352328
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 12.09.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vestnes kommune

Miljøarbeidar

Offentlig forvaltning

Helland ungdomsskule søker miljøarbeidarar

Miljøarbeidarar

Helland ungdomsskule søkjer etter miljøarbeidarar i 100% stilling, som vil ha direkte arbeid med elevar med utfordringar. Miljøarbeidarane vil vere sentrale i å analysere og gjennomføre heilskaplege tiltak for elevar i skuletid. Det vil vere tett samarbeid med dei tilsette på skulen og andre samarbeidsaktørar som helsestasjon, barnevern, PPT, m.fl. Stillingane er engasjement i eit år med moglegheit til forlenging.

 Arbeidsoppgåver

-       tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov

-       rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt

-       tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov

-       Følgje opp enkeltvedtak

 

 Kvalifikasjonar

-       ønskjeleg med vernepleiarutdanning eller tilsvarande

-       erfaring frå arbeid med særskilte behov.

-       ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter

-       ønskjeleg med erfaring/kompetanse i traume og tilknytingsvanskar

-       beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

-       det blir stilt krav om politiattest

-       personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

 Personlege eigenskapar

-       positivt barnesyn

-       evne til relasjonsbygging

-       takle å stå i utfordrande situasjonar

-       konfliktførebyggjande og dempande- åtferd

-       er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen

-       er stabil og fleksibel

-       har evne til å tenkje sjølvstendig og ta initiativ i jobben vil vere viktig.

 

 Vi tilbyr

-       allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar

-       løn etter gjeldande regelverk

-       pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale

-       kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 Referansar

Oppgi referansar

 Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

 Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 Søkjarlista kan bli offentliggjort

 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    01.10.2023
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5352328
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 12.09.2023