Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
02.02.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4965099Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 20.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Miljøarbeidar - 45 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi auker bemanninga og har difor ledig 45 % stilling som miljøarbeidar. Stillinga er planlagt organisert med kombinert kortvakter og langvakter med arbeid kvar 4. helg. Kortvakter er på inntil 7,5 time, medan langvakter er på inntil 12 timar. Stillingane er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Knarvik. Vi søkjer etter deg med erfaring og engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus.
Om Heildøgnsbemanna butilbod
Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med fem bufellesskap for menneske med alvorlege psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga inkluderer også ein institusjon for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har fire bustader knytt til Lindås, ein i Knarvik medan institusjonen vår ligg på Manger.
Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss, i Knarvik, og gjev tilbod til 6 personar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
- Relasjonsarbeid med fagleg tilnærming
- Gjennomføre og leggje til rette for naudsynt helsehjelp
- Samtalar og aktivitet etter vedtak tilpassa den einskilde
- Bidra til godt bumiljø som medmenneske og fagperson
- Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå fagfeltet psykisk helse og rus
- Sertifikat klasse B
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
Som miljøarebeidar har du:
- engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus
- arbeidserfaring frå fagfeltet
Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. I tillegg er du initiativrik, fleksibel og likar å arbeide i team. Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på erfaring frå arbeid med brukargruppa, personlege eigenskapar og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Tilsetjing etter gjeldande avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
02.02.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4965099Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 20.01.2023