• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    30.08.2020
  • Form of employment
    workTime.Deltid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3070343
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 12.08.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Giske Kommune

Miljøarbeidar 2 x 60 % faste stillingar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 2 x 60 % faste stillingar som miljøarbeidar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap i eining Meistring og psykisk helse frå 01.09.2020.

Begge stillingane inngår i turnus med langvakter, men også nokre vakter på kveld. Ei av stillingane er med arbeid kvar 3. helg og den andre med arbeid kvar 4. helg. Dersom du ikkje søkjer på begge stillingane, må du oppgi kvar for ei stilling som er aktuell.

Det er krav om politiattest av ny dato.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Arbeidsoppgåver
  • Målretta miljøarbeid i tråd med individuelle vedtak og planar.
  • Samarbeid med pårørande og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen.
  • Bidra til god dialog og etisk refleksjon saman med kollegaer i bufellesskapa.
  • Dokumentasjon i Visma profil.
  • Legemiddelhandsaming.
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ønskjeleg med erfaring / kompetanse på autismespekterdiagnosar og / eller arbeid med utviklingshemma.
  • Framandspråklege søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er fagleg dyktig og kan arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du har engasjement for faget og respekt for den enkelte bebuar.
  • Du er engasjert, positiv og har eit ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Flotte og dyktige kollegaer i godt og sterkt fagleg arbeidsmiljø.
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    30.08.2020
  • Form of employment
    workTime.Deltid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3070343
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 12.08.2020