Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6501342Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Miljøarbeidar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er på jakt etter deg som vil bidra til ein meiningsfull og trygg kvardag på dagsenter og i bustad.Du vil jobba saman med ei flott personalgruppe som legg til rette for meistring og sjølvstende, meiningsfulle aktivitetar, sosialt fellesskap og helsefremjande tiltak.
Vi treng no ein som kan arbeida fast på arbeidssenteret (dagvakter), og kvar 4. helg på Ternholmtunet bufellesskap.
Målet vårt er å bidra til at kvar bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemming, tillit og meistring står i sentrum.
Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta bebuarens individuelle behov
- Leggja til rette for meiningsfulle aktivitetar
- Vera pådrivar for fagleg utvikling
- Oppgåver som primærkontakt
- Arbeid etter lov om helse- og omsorgstenester kapittel 9
- Planleggja, setja i verk og evaluera faglege tiltak som fremjar målretta miljøarbeid
- Autorisasjon Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande fagbrev
-
Førarkort klasse B er nødvendig
Ønskjeleg med:
- Lang erfaring med brukargruppa
- Erfaring med miljøarbeid, helst frå bustad
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Evne til å planleggja og organisera
- Erfaring med utfordrande åtferd
- Erfaring innan psykiatri, autisme og/eller demens
- Erfaring med MAP eller PAS
- Kreativitet
- Interesse for song og musikk
- Interesse for handarbeid
- Fleksibel og løysingsorientert
- Kreativ og interessert i skapande aktivitetar
- Evne til å arbeida målretta og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Taklar hektiske og utfordrande situasjonar
- Ein god lagspelar som bidreg til godt arbeidsmiljø
-
Personleg eignaheit vert sterkt vektlagt
- Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Åshild Erstad Hagen, avdelingsleiar: 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6501342Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Miljøarbeidar 70% fast stilling
Øygarden kommune
Rong -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar 70% natt, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast stilling , Hidlamyra
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % fast stilling , psykiatribustader
Øygarden kommune
Straume